8. Bibliotekets rolle i den akademiske skriveprosessen
Abstract
Akademisk skriving må lærast. Det er ein krevjande sjanger som både studentar og fagtilsette er avhengige av i sitt akademiske arbeid. Dette gjeld anten ein skal forstå det ein les, formidle det ein les, eller skrive sjølv. I denne antologien møtest ulike fagtradisjonar. Bidraga representerer ei stor fagleg breidde, og dei skaper både kvar for seg og samla ny kunnskap om akademisk skriving i profesjonsutdanningar. Forfattarane viser fram ulike aspekt ved akademisk skriving på tre ulike nivå: skriving, støtte og strukturar. Antologien drøftar mellom anna:- Korleis fagmiljø kan styrke kulturen for skriving og læring i profesjonsutdanning- Korleis fagleg støtte formar akademisk skriving, fagleg utvikling og profesjonsidentitet- Korleis strukturar som samskriving, rettleiing og rammer påverkar skrivinga Bidraga i boka kombinerer teoretiske perspektiv med empiriske døme frå utdanningsfeltet. Boka gir ny innsikt i arbeidsmåtar og forståing av akademisk skriving som ein integrert del av profesjonsutdanning. Antologien er redigert av Roar Stokken, professor ved Institutt for sosialfag, Elin Gundersen, rådgjevar ved biblioteket, og Kristin Kibsgaard Sjøhelle, førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur. Alle er tilsette ved Høgskulen i Volda og har forska på og undervist i akademisk skriving innan profesjonsutdanningane. Å skrive seg inn i profesjonen er retta mot kollegaer som arbeider med akademisk skriving i profesjonsutdanning. Boka kan òg vere relevant for studentar som tek profesjonsutdanning og lærarar i vidaregåande opplæring.
Fields of Study & Subjects
Academic Writing and Publishing
Discourse Analysis in Language Studies
Doctoral Education Challenges and Solutions
Publication details
- Journal / source
- Fagbokforlaget eBooks
- Publication date
- 16 January 2026
- Language
- NB
- Document type
- Book chapter