Kronisk borreliose – finst det, då?

Read full text
Authors: Geir Sverre Braut
Cited by: 0

Abstract

Boka handlar om ein tematikk som er utfordrande for pasientar, pårørande og medisinarar.Eigentleg handlar ho om kva som finst, og korleis vi skal tolka det vi erfarer.Teksten rører altså ved dei grunnleggjande vitskapsteoretiske innfallsvinklane ontologi og epistemologi.Til grunn ligg ei undring over ei helseteneste som ikkje følgjer opp det som personar med etterverknader av borreliainfeksjon opplever.Kona til forfattaren er mellom desse personane.For mange av desse har tilliten til helsetenesta smuldra bort.Boka er skriven nært innpå pasientrøynslene.Forfattaren ønskjer ikkje å fremja eit einsidig partsinnlegg.Eg meiner at ho har lukkast godt med det.Ulike synspunkt blir i stor grad fremja på dei ulike deltakarane i debatten sine eigne premissar -ofte med solid ankerfeste i dei samanhengane desse står i.Innleiingsvis får lesaren ei grei innføring i arbeidsmåten bak teksten.Forfattaren har nytta skriftlege, offentleg tilgjengelege dokument.Ho skriv at utgangspunktet har vore søk i Nasjonalbiblioteket sin digitaliserte avisbase.Med grunnlag i funna derfrå har ho søkt vidare i anna skriftleg materiale og til ein viss grad også følgt opp med samtalar med involverte personar.

Fields of Study & Subjects

Vector-borne infectious diseases Medicine History and Philosophy Psychosomatic Disorders and Their Treatments

Publication details

Journal / source
Michael
Volume
23
Issue
1
Pages
75–76
Publication date
24 February 2026
Language
NN